Organisasjon

Fra Nordterm Wiki
Sideversjon per 17. sep. 2010 kl. 11:18 av Admin (diskusjon | bidrag) (Ny side: == Mål og verksemdsområde for Nordterm == Nordterm skal vere eit nordisk forum og nettverk for terminologiarbeid og skal: * fremje og tryggje det nordiske samarbeidet om terminologi gje...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigeringHopp til søk

Mål og verksemdsområde for Nordterm

Nordterm skal vere eit nordisk forum og nettverk for terminologiarbeid og skal:

  • fremje og tryggje det nordiske samarbeidet om terminologi gjennom utveksling av informasjon, røynsler og arbeidsresultat, gjennom fellesprosjekt og ved å halde konferansar og seminar,
  • sikre at dei nordiske landa har innverknad på og er med i den terminologiske utviklinga på internasjonalt plan gjennom samarbeid og retningsliner som er fastlagde i fellesskap,
  • drive med terminologiforsking, praktisk terminologiarbeid, terminologiutdanning og anna verksemd som har med terminologi å gjøre.

Den viktigaste aktiviteten i Nordterm er Nordterm-forsamlinga annakvart år. Forsamlinga er eit forum som er ope for alle terminologiinteresserte i dei nordiske landa. I samband med forsamlinga blir det skipa til ein nordisk terminologikonferanse.

Nordterm tek aktivt del i arbeid med terminologistandardisering, og fleire av medlemsorganisasjonane i Nordterm er representerte på ulike nivå i ISO/TC 37.

Her kan du lese vedtektene for Nordterm.


Nordterm-organisasjonane

Terminologisentra i dei nordiske landa er kjernen i Nordterm:

   * Terminologigruppen, Danmark
   * Sanastokeskus TSK / Terminologicentralen TSK, Finland
   * Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum, Island
   * Språkrådet, Noreg
   * Samisk språknemnd, Noreg
   * Terminologicentrum TNC, Sverige

I tillegg til desse har mange andre organisasjonar og personar tatt del i Nordterm-aktivitetar.


Styringsgruppa

Det øvste organet i Nordterm er styringsgruppa, som samordnar aktivitetane og representerer Nordterm internasjonalt. Styringsgruppa er sett saman av éin representant for kvar Nordterm-organisasjon.

Styringsgruppa har i 2009–2011 denne samansetnaden:

   * Danmark: Bodil Nistrup Madsen, DANTERMcentret
   * Finland: Katri Seppälä, TSK (ordførar)
   * Island: Ágústa Þorbergsdóttir, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum
         o vararepresentant: Ari Páll Kristinsson, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum
   * Noreg: Jan Hoel, Språkrådet
         o vararepresentant: Sylvi Dysvik, Språkrådet
   * Sverige: Anna-Lena Bucher, TNC
   * Sápmi: Laila Palojärvi, Samisk språknemnd


Arbeidsgrupper

Det er arbeidsgruppene i Nordterm som gjennomfører dei terminologiske aktivitetane.

Arbeidsgruppene er:

   * AG1 — Terminologiforsking og terminologiutdanning
         o Ordførar: Nina Pilke, Vasa universitet
         o Varaordførar: Marita Kristiansen, Norges Handelshøyskole
         o Sekretær: Åsa Holmér, TNC
   * AG2 — Termhandteringsverktøy
         o Ordførar: Peter Svanberg, TNC
         o Sekretær: Gisle Andersen, Aksis/Unifob, Universitetet i Bergen
   * AG5 — Nordterms internettinformasjon
         o Ordførar: Mari Suhonen, TSK
         o Sekretær: Henrik Nilsson, TNC