Organisasjon

Fra Nordterm Wiki
Sideversjon per 27. jun. 2017 kl. 10:04 av Admin (diskusjon | bidrag) (Updated the steering committee and the working groups)
Hopp til navigeringHopp til søk

Flags new.gif

Mål og verksemdsområde for Nordterm

Nordterm skal vere eit nordisk forum og nettverk for terminologiarbeid og skal:

  • fremje og tryggje det nordiske samarbeidet om terminologi gjennom utveksling av informasjon, røynsler og arbeidsresultat, gjennom fellesprosjekt og ved å halde konferansar og seminar,
  • sikre at dei nordiske landa har innverknad på og er med i den terminologiske utviklinga på internasjonalt plan gjennom samarbeid og retningsliner som er fastlagde i fellesskap,
  • drive med terminologiforsking, praktisk terminologiarbeid, terminologiutdanning og anna verksemd som har med terminologi å gjøre.

Den viktigaste aktiviteten i Nordterm er Nordterm-forsamlinga annakvart år. Forsamlinga er eit forum som er ope for alle terminologiinteresserte i dei nordiske landa. I samband med forsamlinga blir det skipa til ein nordisk terminologikonferanse.

Nordterm tek aktivt del i arbeid med terminologistandardisering, og fleire av medlemsorganisasjonane i Nordterm er representerte på ulike nivå i ISO/TC 37.

Her kan du lese vedtektene for Nordterm.


Nordterm-organisasjonane

Terminologisentra i dei nordiske landa er kjernen i Nordterm:

I tillegg til desse har mange andre organisasjonar og personar tatt del i Nordterm-aktivitetar.

Styringsgruppa

Det øvste organet i Nordterm er styringsgruppa, som samordnar aktivitetane og representerer Nordterm internasjonalt. Styringsgruppa er sett saman av éin representant for kvar Nordterm-organisasjon.

Styringsgruppa har i 2017–2019 denne samansetnaden:

  • Danmark: Hanne Erdman Thomsen, DANTERM Research (leiar)
    • vararepresentant: Bodil Nistrup Madsen, DANTERMcentret
  • Finland: Katri Seppälä, TSK
    • vararepresentant: Mari Suhonen, TSK
  • Island: Ágústa Þorbergsdóttir, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum
    • vararepresentant: Ari Páll Kristinsson, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum
  • Noreg: Marianne Aasgaard, Språkrådet
    • vararepresentant: Ole Våge, Språkrådet
  • Sverige: Åsa Holmér, TNC
    • vararepresentant: Henrik Nilsson, TNC
  • Sápmi: Marko Marjomaa, Sametinget i Finland

Arbeidsgrupper

Det er arbeidsgruppene i Nordterm som gjennomfører dei terminologiske aktivitetane.

Arbeidsgruppene er:

  • AG1 — Terminologiforsking og terminologiutdanning
    • Ordførar: Nina Pilke, Vasa universitet
    • Varaordførar: Marita Kristiansen, Norges Handelshøyskole
    • Sekretær: Åsa Holmér, TNC
  • AG2 — Termhandteringsverktøy
    • Ordførar: Henrik Nilsson, TNC
    • Sekretær: Gisle Andersen, Norges Handelshøyskole
  • AG5 — Nordterms internettinformasjon
    • Ordførar: Henrik Nilsson, TNC
    • Sekretær: Mari Suhonen, TSK