Organisasjon
Mål og verksemdsområde for Nordterm
Nordterm skal vere eit nordisk forum og nettverk for terminologiarbeid og skal:
- fremje og tryggje det nordiske samarbeidet om terminologi gjennom utveksling av informasjon, røynsler og arbeidsresultat, gjennom fellesprosjekt og ved å halde konferansar og seminar,
- sikre at dei nordiske landa har innverknad på og er med i den terminologiske utviklinga på internasjonalt plan gjennom samarbeid og retningsliner som er fastlagde i fellesskap,
- drive med terminologiforsking, praktisk terminologiarbeid, terminologiutdanning og anna verksemd som har med terminologi å gjøre.
Den viktigaste aktiviteten i Nordterm er Nordterm-forsamlinga annakvart år. Forsamlinga er eit forum som er ope for alle terminologiinteresserte i dei nordiske landa. I samband med forsamlinga blir det skipa til ein nordisk terminologikonferanse.
Nordterm tek aktivt del i arbeid med terminologistandardisering, og fleire av medlemsorganisasjonane i Nordterm er representerte på ulike nivå i ISO/TC 37.
Her kan du lese vedtektene for Nordterm.
Nordterm-organisasjonane
Terminologisentra i dei nordiske landa er kjernen i Nordterm:
- Terminologigruppen, Danmark
- Sanastokeskus TSK / Terminologicentralen TSK, Finland
- Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum, Island
- Språkrådet, Noreg
- Sametinget i Finland, samer
- Terminologicentrum TNC, Sverige
I tillegg til desse har mange andre organisasjonar og personar tatt del i Nordterm-aktivitetar.
Styringsgruppa
Det øvste organet i Nordterm er styringsgruppa, som samordnar aktivitetane og representerer Nordterm internasjonalt. Styringsgruppa er sett saman av éin representant for kvar Nordterm-organisasjon.
Styringsgruppa har i 2015–2017 denne samansetnaden:
- Danmark: Bodil Nistrup Madsen, DANTERMcentret
- vararepresentant: Hanne Erdman Thomsen, DANTERMcentret
- Finland: Katri Seppälä, TSK
- vararepresentant: Mari Suhonen, TSK
- Island: Ágústa Þorbergsdóttir, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum
- vararepresentant: Ari Páll Kristinsson, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum
- Noreg: Marianne Aasgaard, Språkrådet (leiar)
- vararepresentant: Ole Våge, Språkrådet
- Sverige: Karin Dellby, TNC
- vararepresentant: Åsa Holmér, TNC
- Sápmi: Marko Marjomaa, Sametinget i Finland
Arbeidsgrupper
Det er arbeidsgruppene i Nordterm som gjennomfører dei terminologiske aktivitetane.
Arbeidsgruppene er:
- AG1 — Terminologiforsking og terminologiutdanning
- Ordførar: Nina Pilke, Vasa universitet
- Varaordførar: Marita Kristiansen, Norges Handelshøyskole
- Sekretær: Åsa Holmér, TNC
- AG2 — Termhandteringsverktøy
- Ordførar: Henrik Nilsson, TNC
- Varaordførar: Gisle Andersen, Norges Handelshøyskole
- Sekretær: Peter Svanberg, TNC
- AG5 — Nordterms internettinformasjon
- Ordførar: Peter Svanberg, TNC
- Sekretær: Mari Suhonen, TSK