Forskjell mellom versjoner av «Bakgrunn»
[kontrollert revisjon] | [kontrollert revisjon] |
(Ny side: == Språksituasjonen i Norden == Dei nordiske landa femnar om Danmark, Færøyane, Grønland, Finland, Åland, Island, Noreg og Sverige. Både Færøyane og Grønland er ein del av kongeri...) |
|||
Linje 20: | Linje 20: | ||
[[no:Bakrunn]] | [[no:Bakrunn]] | ||
[[se:Dieđut]] | [[se:Dieđut]] | ||
+ | [[sv:Bakgrund]] |
Sideversjonen fra 2. feb. 2011 kl. 17:42
Språksituasjonen i Norden
Dei nordiske landa femnar om Danmark, Færøyane, Grønland, Finland, Åland, Island, Noreg og Sverige. Både Færøyane og Grønland er ein del av kongeriket Danmark, medan Åland er ein del av republikken Finland.
I dette området blir det snakka dansk, finsk, færøysk, grønlandsk, islandsk, norsk (bokmål og nynorsk), samisk og svensk. Somme av desse språka er nærskylde, medan andre ikkje er i slekt i det heile. Det er ei rekkje to- og fleirspråklege område i Norden, og eit omfattande nordisk samarbeid har gjeve ein lang tradisjon for omsetjing og tolking.
Historie
Det er lang tradisjon for terminologiarbeid i dei nordiske landa. Det første arbeidet med teknisk terminologi vart gjennomført så tidleg som på slutten av 1800-talet. Organisert terminologiarbeid går på Island tilbake til starten av 1900-talet og i Danmark, Finland, Noreg og Sverige til 1940-åra.
Nordterm vart skipa i 1976, då representantar for terminologiorgana i Danmark, Finland, Noreg og Sverige møttest i Stockholm for første gong. Dette førte til fleire felleskurs og uformelle samtalar om ulike prosjekt. Det var eit stort behov for nordisk samarbeid om terminologi, og det viste seg at slikt samarbeid var effektivt. Dei noverande vedtektene for Nordterm kom i bruk i 1987, og dei siste endringane vart innarbeidde i 2005.