Forskjell mellom versjoner av «Organisasjon»
[kontrollert revisjon] | [kontrollert revisjon] |
Linje 21: | Linje 21: | ||
* [http://www.tsk.fi/tsk/ Sanastokeskus TSK] / Terminologicentralen TSK, Finland | * [http://www.tsk.fi/tsk/ Sanastokeskus TSK] / Terminologicentralen TSK, Finland | ||
* [http://www.arnastofnun.is/ Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum], Island | * [http://www.arnastofnun.is/ Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum], Island | ||
− | * Språkrådet, Noreg | + | * [http://www.sprakrad.no/ Språkrådet], Noreg |
* [http://www.giella.org/artikkel.aspx?MId1=1080&AId=1837 Samisk språknemnd], Noreg | * [http://www.giella.org/artikkel.aspx?MId1=1080&AId=1837 Samisk språknemnd], Noreg | ||
* [http://www.tnc.se/ Terminologicentrum TNC], Sverige | * [http://www.tnc.se/ Terminologicentrum TNC], Sverige |
Sideversjonen fra 17. sep. 2010 kl. 11:51
Mål og verksemdsområde for Nordterm
Nordterm skal vere eit nordisk forum og nettverk for terminologiarbeid og skal:
- fremje og tryggje det nordiske samarbeidet om terminologi gjennom utveksling av informasjon, røynsler og arbeidsresultat, gjennom fellesprosjekt og ved å halde konferansar og seminar,
- sikre at dei nordiske landa har innverknad på og er med i den terminologiske utviklinga på internasjonalt plan gjennom samarbeid og retningsliner som er fastlagde i fellesskap,
- drive med terminologiforsking, praktisk terminologiarbeid, terminologiutdanning og anna verksemd som har med terminologi å gjøre.
Den viktigaste aktiviteten i Nordterm er Nordterm-forsamlinga annakvart år. Forsamlinga er eit forum som er ope for alle terminologiinteresserte i dei nordiske landa. I samband med forsamlinga blir det skipa til ein nordisk terminologikonferanse.
Nordterm tek aktivt del i arbeid med terminologistandardisering, og fleire av medlemsorganisasjonane i Nordterm er representerte på ulike nivå i ISO/TC 37.
Her kan du lese vedtektene for Nordterm.
Nordterm-organisasjonane
Terminologisentra i dei nordiske landa er kjernen i Nordterm:
* Terminologigruppen, Danmark * Sanastokeskus TSK / Terminologicentralen TSK, Finland * Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum, Island * Språkrådet, Noreg * Samisk språknemnd, Noreg * Terminologicentrum TNC, Sverige
I tillegg til desse har mange andre organisasjonar og personar tatt del i Nordterm-aktivitetar.
Styringsgruppa
Det øvste organet i Nordterm er styringsgruppa, som samordnar aktivitetane og representerer Nordterm internasjonalt. Styringsgruppa er sett saman av éin representant for kvar Nordterm-organisasjon.
Styringsgruppa har i 2009–2011 denne samansetnaden:
* Danmark: Bodil Nistrup Madsen, DANTERMcentret * Finland: Katri Seppälä, TSK (ordførar) * Island: Ágústa Þorbergsdóttir, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum o vararepresentant: Ari Páll Kristinsson, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum * Noreg: Jan Hoel, Språkrådet o vararepresentant: Sylvi Dysvik, Språkrådet * Sverige: Anna-Lena Bucher, TNC * Sápmi: Laila Palojärvi, Samisk språknemnd
Arbeidsgrupper
Det er arbeidsgruppene i Nordterm som gjennomfører dei terminologiske aktivitetane.
Arbeidsgruppene er:
* AG1 — Terminologiforsking og terminologiutdanning o Ordførar: Nina Pilke, Vasa universitet o Varaordførar: Marita Kristiansen, Norges Handelshøyskole o Sekretær: Åsa Holmér, TNC * AG2 — Termhandteringsverktøy o Ordførar: Peter Svanberg, TNC o Sekretær: Gisle Andersen, Aksis/Unifob, Universitetet i Bergen * AG5 — Nordterms internettinformasjon o Ordførar: Mari Suhonen, TSK o Sekretær: Henrik Nilsson, TNC