Forskjell mellom versjoner av «Organisasjon»

Fra Nordterm Wiki
Hopp til navigeringHopp til søk
[kontrollert revisjon][kontrollert revisjon]
(Korrigerade länken till stadgarna)
Linje 13: Linje 13:
 
Nordterm tek aktivt del i arbeid med terminologistandardisering, og fleire av medlemsorganisasjonane i Nordterm er representerte på ulike nivå i ISO/TC 37.
 
Nordterm tek aktivt del i arbeid med terminologistandardisering, og fleire av medlemsorganisasjonane i Nordterm er representerte på ulike nivå i ISO/TC 37.
  
Her kan du lese [http://www.nordterm.net/filer/publikationer/stadgar/NordtermsVedtekter2007.pdf vedtektene for Nordterm].
+
Her kan du lese [http://www.nordterm.net/filer/publikationer/stadgar/NordtermsVedtekter2021.pdf vedtektene for Nordterm].
  
  

Sideversjonen fra 25. mai 2021 kl. 14:46

Flags new.gif

Mål og verksemdsområde for Nordterm

Nordterm skal vere eit nordisk forum og nettverk for terminologiarbeid og skal:

  • fremje og tryggje det nordiske samarbeidet om terminologi gjennom utveksling av informasjon, røynsler og arbeidsresultat, gjennom fellesprosjekt og ved å halde konferansar og seminar,
  • sikre at dei nordiske landa har innverknad på og er med i den terminologiske utviklinga på internasjonalt plan gjennom samarbeid og retningsliner som er fastlagde i fellesskap,
  • drive med terminologiforsking, praktisk terminologiarbeid, terminologiutdanning og anna verksemd som har med terminologi å gjøre.

Den viktigaste aktiviteten i Nordterm er Nordterm-forsamlinga annakvart år. Forsamlinga er eit forum som er ope for alle terminologiinteresserte i dei nordiske landa. I samband med forsamlinga blir det skipa til ein nordisk terminologikonferanse.

Nordterm tek aktivt del i arbeid med terminologistandardisering, og fleire av medlemsorganisasjonane i Nordterm er representerte på ulike nivå i ISO/TC 37.

Her kan du lese vedtektene for Nordterm.


Nordterm-organisasjonane

Terminologisentra i dei nordiske landa er kjernen i Nordterm:

I tillegg til desse har mange andre organisasjonar og personar tatt del i Nordterm-aktivitetar.


Styringsgruppa

Det øvste organet i Nordterm er styringsgruppa, som samordnar aktivitetane og representerer Nordterm internasjonalt. Styringsgruppa er sett saman av éin representant for kvar Nordterm-organisasjon.

Styringsgruppa har i 2019–2021 denne samansetnaden:

  • Danmark: Hanne Erdman Thomsen, Terminologigruppen i Danmark
    • vararepresentant: Bodil Nistrup Madsen, Terminologigruppen i Danmark
  • Finland: Katri Seppälä, Sanastokeskus (leiar)
    • vararepresentant: Mari Suhonen, Sanastokeskus
  • Færøyene: Kristin Marjun Magnussen, Málráðið
  • Grønland: Lisathe Møller, Oqaasileriffik
    • vararepresentant: Tuperna Møller, Oqaasileriffik
  • Island: Ágústa Þorbergsdóttir, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum
    • vararepresentant: Ari Páll Kristinsson, Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum
  • Noreg: Marianne Aasgaard, Språkrådet
    • vararepresentant: Ann Helen Langaker, Språkrådet
  • Sápmi: Marko Marjomaa, Sámi Giellagáldu
  • Sverige: Åsa Holmér, Institutet för språk och folkminnen, Språkrådet
    • vararepresentant: Karin Webjörn, Institutet för språk och folkminnen, Språkrådet


Arbeidsgrupper

Det er arbeidsgruppene i Nordterm som gjennomfører dei terminologiske aktivitetane.

Arbeidsgruppene er:

  • AG1 — Terminologiforsking og terminologiutdanning
    • Ordførar: Nina Pilke
    • Sekretær: Åsa Holmér, Institutet för språk och folkminnen, Språkrådet
  • AG2 — Terminologi – digitalisering og verktøy
    • Ordførar: Ole Våge
    • Sekretær: Henrik Nilsson